Slik meiner forskarar at tilliten til demokratiet kan styrkast

F?rst kom reiserekningane, s? pendlarbustadane. Eit solbrilletjuveri markerte starten p? sommarferien, og sidan har habilitetsskandalane rulla ut av skapet. Kor mykje toler tilliten til det norske demokratiet?

Bildet viser Stortinget i kveldslys. Bygget et opplyst av gule lys.

B?r styrkast: Det er viktig ? styrke administrasjonen i Stortinget, slik at dei er betre rusta til ? halde orden i eige hus, meiner professor Cathrine Holst. Illustrasjonsfoto.

Foto: Colourbox.no

– Tillit som fenomen flyttar seg sakte. S? det er vanskeleg ? m?le effekten av ei enkelt sak. Generelt er det norske samfunnet prega av h?g tillit, og den h?ge tilliten til det politiske systemet heng saman med dette, sa professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen under arrangementet ?Undergraves tilliten til det norske demokratiet?? av UiO:Demokrati.

Bildet viser professor Carl Henrik Knutsen som holder foredrag. N?ytral bakgrunn.
Professor Carl Henrik Knutsen.

Knutsen er ikkje bekymra for at den siste tidas hendingar er i ferd med ? bryte ned det norske demokratiet, men meiner dei likevel kan ha negativ effekt.

– Ei skandale har i seg sj?lv kanskje ikkje s? stor effekt for tilliten, men n?r det blir mange saker som kjem tett etter kvarandre risikerer vi ? tape noko. Ein kan ogs? frykte at debattklimaet blir prega av meir personfokus, eller at den norske konsensuspolitikken med brei einigheit mellom partia blir vanskelegare ? gjennomf?re, seier Knutsen.

 

Forskjell p? tillit

Professor i vitskapsteori og demokrati, Cathrine Holst, p?peikte at ein metaforisk gjengangar er ? snakke om tilliten som sj?lve limet i det norske samfunnet.

– Alts? skapar vi ei forst?ing for at tillit alltid er bra. Og tillit kan vere eit godt verkt?y for implementering av effektiv politikk, som vi s?g under pandemien, seier Holst.

– Men det er no likevel s?nn at det er forskjell p? tillit og det ? ha fortent tillit. S? det sentrale sp?rsm?let om myndigheitene fortener v?r tillit, og det synast eg at vi burde snakke meir om.

At det over tid kjem saker der ein kan mistenke folkevalde for ? sette eigne interesser framfor fellesskapet, meiner Holst er problematisk.

– Ein kan argumentere for at dette vil kunne svekke tilliten over tid, fordi handlingane ikkje er tillitsverdige, sa Holst.

Bildet kan inneholde: belysning, stol, projeksjonsskjerm, begivenhet, publikum.
Professor Cathrine Holst snakkar til ein full sal p? Litteraturhuset, om korleis tilliten til det norske demokratiet kan styrkast.

Vil ha endringar

Under arrangementet presenterte Holst fleire forslag til endringar, for ? redusere omfanget av liknande saker i framtida.

– Det er viktig ? styrke administrasjonen i Stortinget, slik at dei er betre rusta til ? halde orden i eige hus. Eit anna forslag er at Stortinget set ned ein kommisjon for ? granske habiliteten til statsr?dane, seier Holst.

– Eg trur ogs? at det ville vore bra for demokratiet om utredningskapasiteten p? Stortinget blei styrka, slik at dei folkevalde hadde ein uavhengig stad ? s?ke kunnskap. Dette kan demme opp mot press fr? lobbyistar.

Tidlegare denne hausten tok ogs? forfattarane av rapporten Tilstandsanalyse av det norske demokratiet til orde for at Noreg b?r innf?re eit eige lobbyregister som eit demokratistyrkande tiltak. Rapporten kan du lese meir om her.

Holst rettar ogs? s?kjelyset inn mot forskarmilj?as ansvar i storsamfunnet.

– I desse sakene som har kome fram ser vi at media avdekker svikt i systemet. Det er bra, men eg meiner vi ogs? kan stille sp?rsm?l om vi forskarar har vore gode nok til ? gjere det same, seier Holst.

 

Avviser krise

S? kva gjer det med samfunnet v?rt om sak etter sak f?r vektskiva til ? tippe fr? tillit til mistillit?

If?lgje tillitsforskar Signe Bock Segaard ved Institutt for samfunnsforsking, er det ikkje krise i seg sj?lv om tilliten fell for ein periode.

– L?gare tillit kan vere uttrykk for ein sunn reaksjon. Problema oppst?r n?r tilliten er ulik mellom forskjellige grupper, og utviklinga mellom gruppene g?r i ulik retning. Ulikheit i tillit avspeglar ofte meir underliggande konfliktar og misn?ye i samfunnet. Forskinga viser at det er dei i samfunnet som har minst fr? f?r, som mister mest tillit n?r slike saker som habilitetsskandalane kjem fram, seier Segaard.

Som Holst meiner Segaard at tendensen vi har til ? snakke opp tillit som noko utelukkande positivt er problematisk.

– Vippepunktet for samfunnet er n?r vi g?r fr? generell tillit til mistillit. Men eg har tru p? at desse sakene vil bli rydda opp i p? ein god m?te, b?de fordi dei blir granska gjennom kritisk journalistikk og i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

– Og s? er det eit sunnheitsteikn at sakene kom ut i lyset. Viss vi aldri fekk vite om dette, d? kunne vi heller snakka om ei krise for det norske demokratiet.

Av Hanna Huglen Revheim
Publisert 19. okt. 2023 15:19 - Sist endret 2. des. 2024 15:24