Heilt fr? revidert LTP vart lansert, har det likevel vorte fremja kritikk om at regjeringa i liten grad har konkretisert korleis integrasjonen b?r utformast. Kritikken blussa opp att og vart gjenteken under UHR-konferansen i f?rre veka. Sj?lv meiner eg likevel at konkretiseringa m? vere institusjonane sitt ansvar. Skal vi lykkast, m? vi sj?lve tydelegare p? banen; vi m? sj?lve ta eit klart eigarskap til denne heilt sentrale problemstillinga for sektoren v?r.
Eg er faktisk glad for at revidert LTP held seg til dei meir overordna og prinsipielle diskusjonane. Ein viktig grunn er at ei betre og breiare utnytting av grenseflatene mellom forsking og utdanning m? g? f?re seg p? ulike m?tar innanfor ulike fagtradisjonar. Dette er heilt klart erfaringa ved UiO som jo rommar ei stor fagleg breidd og mange ulike forskings- og undervisningstradisjonar. Det er til d?mes heilt ulike utfordringar for profesjonsutdanningane og generalistutdanningane n?r forsking og utdanning skal koplast. Det er likeins heilt klart ulike utfordringar innanfor tekstbaserte og laboratoriebaserte fag.
I satsinga v?r p? utdanning som vi lanserte for eit ?r sidan, er koplinga av forsking og utdanning ei av dei berande s?ylene. Utdanning var hovudtemaet v?rt da vi vart valde som rektorat, og vi opplever at arbeidet, energisk leidd av prorektor Gro Bj?rnerud Mo, har f?tt ei heilhjarta og stor oppslutning i leiingslinja og i fagmilj?a. Vi opplever at engasjementet for ? profilere UiO som eit forskingssterkt universitet som ogs? tilbyr framifr? utdanning, er sterkt og aukande. Energien i rommet under den f?rste ?rlege UiO-konferansen v?r om utdanning, med tilbakemeldingar til studentane og leiing som tema, var sterk og positiv.
Eg trur det er mange grunnar til at vi f?ler ei stor oppslutning, og eg trur ikkje minst vi f?r hjelp av at tida er moden. Eg har f?r referert til mine om lag 50 samtalar med enkeltkollegaer (stort sett utanfor MedNat-omr?det) f?r vi starta valkampen. Det var mykje hjarte og hjerne for undervisning og utdanning i desse samtalane.
Eg trur òg at vi alle ser og lèt oss inspirere av suksesshistorier. Vi h?yrer at studentane ved dei milj?a som lykkast godt med ? kople forsking og utdanning, fortel om utdanning som er relevant, praksisn?r og oppdatert. Tydeleg kopling ser ogs? ut til ? gi eit breiare og betre utgangspunkt for ? f? til forpliktande tverrfaglegheit.
Men det ser og m? sj? ulikt ut i breidda av v?rt store universitet. Dei to sentera v?re for framifr? utdanning, ProTed – Senter for fremragende l?rerutdanning og CCSE – The Centre for Computing in Science Education, er viktige signalprosjekt ogs? n?r forsking og utdanning skal koplast, men det skjer òg gledeleg mykje i fagmilj?a.
Eg veit til d?mes at Institutt for medievitskap arbeider fram eit revidert BA-program som byggjer p? ambisi?se og systematiske modellar for korleis studentane skal m?te forskinga.
Eg veit til d?mes at den tette kontakten som studentane p? masterprogrammet Organisasjon, leiing og arbeid (OLA-programmet) ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi har b?de til forskingsmilj?a og til arbeidslivet, gir h?g gjennomf?ringsgrad og fleirtalet av studentane raskt relevante jobbar.
Eg veit til d?mes at forskarskolen ved Det medisinske fakultetet nettopp har s?rgt for at studentar tidleg har vorte eksponerte for forsking, og at dette har vore viktig for rekrutteringa av medisinstudentar til doktorgradsprogrammet.
Og eg veit at Honours-programmet som no blir utvikla mellom MatNat og HF, kjem til ? bli eit sv?rt viktig og nyskapande studium som vil inspirere til nytenking og revisjon i breidda av studietilbodet ved UiO. Det er viktig for oss ? vere litt modige og eksperimentelle – teste ut og sj? effektar.
For oss handlar dette ikkje minst om ? ta kunnskap i bruk. Vi veit at kunnskap i stor grad blir overf?rt til samfunnet gjennom dei dyktige kandidatane v?re, og ei sterkare kopling av forsking og utdanning representerer ei tydeleg handtering av krav samfunnet set til at kunnskapen blir raskare teken i bruk. Deretter vil det sj?lvsagt vere skilnad p? balanse, profil og angrepsvinkel p? Det juridiske fakultetet, p? Det teologiske fakultetet osv. ?One size fits all?-tenking fungerer ikkje.
Vi har sj?lvsagt ogs? forventningar til l?yvande institusjonar som Forskingsr?det og til dei ulike avgjerdstakarane v?re. Eg er ikkje minst oppteken av at det m? vere ein distinkt skilnad mellom universitetssektoren og instituttsektoren. Og n?r universitetsforskinga blir finansiert, st?ttar det opp om integrasjonen mellom utdanning og forsking. Det er ogs? viktig at Forskingsr?det alltid hugsar studentane som ressurs n?r til d?mes innovasjonsverkemidla skal utviklast vidare.
Men her og no vil eg n?ye meg med ? takke regjeringa for ? gi oss det handlingsrommet vi m? ha, og er lykkeleg for at det dermed ikkje er r?rt ved autonomien v?r.