Jobb og vidare studiar

Etter fullf?rt spesialistutdanning kan du f? jobb som tannlegespesialist innanfor oral protetikk b?de i offentleg og privat sektor.

Jobb

Du vil etter fullf?rt spesialistutdanning i oral protetikk behandle pasientar med eit sterkt redusert tannsett. Det kan dreie seg om kombinasjonar av tannluker og endodontiske, periodontale og kariologiske problem, eventuelt med supraerupsjon av antagonistar, tannmobilitet, tippa tennar og liknande, der det m? avvegast alternative l?ysingar mellom faste og avtakbare dental- og/eller implantatforankra protesepasientar med bitfunksjonsforstyrringar som medf?rer subjektive symptom, t.d. smerter i kjeve, ansikt og hovud.

Arbeidsfeltet inneber òg behandling av pasientar i alle aldersgrupper som har hatt kirurgisk behandling for kreft og har behov for kjeve- og ansiktsprotetikk (epiteser).

Som tannlegespesialist kan du velje ein akademisk karriere som underviser/lektor eller rettleiar ved Institutt for klinisk odontologi. Andre aktuelle karrierevegar er:

  • tannhelsetenesta sine kompetansesentere
  • spesialisthelsetenesta
  • konsulentverksemd i fagforeininga eller i den private legemiddelindustrien   
  • kurshaldar for ulike akt?rar innan fagomr?det 

Vidare studiar

Som tannlegespesialist har du h?ve til ? ta ei forskarutdanning og arbeide med forsking. Sj? meir om stipendiatstillingar og doktorgradsprogrammet ved fakultetet.


Fra studier til jobb

  • Hvordan finne jobben?
  • CV, s?kad og intervju

Se nyttige tips og meld deg p? kurs

Publisert 30. jan. 2024 18:08 - Sist endra 7. mai 2024 11:01