Christine Meklenborg Nilsen har f?tt opprykk til professor

17. januar vart Christine Meklenborg Nilsen tildelt personleg opprykk til professor i fransk spr?k. "Ein draum som har g?tt i oppfylling" seier ho.

Bildet kan inneholde: person, ansikt, h?r, panne, nese.

Christine byrja p? UiO som student i 1991 og har vore ved HF meir eller mindre samanhengande sidan d? - med unntak av 4 ?r rett etter hovudfaget d? ho jobba som journalist i Dagsavisen og som ungdomsskulel?rar p? Eidsvoll. Etter ? ha disputert i 2009, med ei avhandling om sp?rjesetningar i fransk, arbeidde ho som timel?rar i fransk samstundes som ho jobba som l?rar i Ullersmo fengsel der ho underviste innsatte i norsk og engelsk. Christine var postdoktor i perioden 2010-2014 og seinare prosjektleiar for Traces of History f?r ho i 2016 vart tilsett som f?rsteamanuensis.

Christine har jobba med sm?ordet "s?" dei siste 4-5 ?ra og har grave i moderne og gamle spr?k. For augeblinken er er ho veldig oppteken av ulike dubleringskonstruksjona av typen "Erna, ho har sete lenge som statsminister". Christine synest gamalfransk syntaks er det morosamaste i heile verda og seier at ho kjenner seg vanvittig priviligert som kan lese om kongar, riddarar og den heilage gral i arbeidstida. Ho likar ogs? veldig godt ? undervise og tenker kvart semester at ho har dei finaste studentane p? heile universitetet. "Eg har rett og slett draumejobben", seier ho. Christine fortel at det er enormt stort ? bli professor og at det har vore draumen heilt sidan ho heldt p? med fransk grunnfag. Ho tar det som ei verdsetjing av det ho har gjort, og synest framleis at det er litt uverkeleg.

P? fritida driv Christine med hest og trening og det store treningsm?let framover er ? fullf?re ein halvmaraton. Ho er òg spaltist i lokalavisa, FAU-leiar p? femte ?ret og har dessutan svart belte i taekwondo.

Vi gratulerer Christine med professoropprykket og ?nskjer henne lukke til vidare!

 

 

Av Ragnhild Norheim f?rland
Publisert 3. feb. 2020 11:52 - Sist endret 3. feb. 2020 11:53