PODKAST: Kva del av den norske offentlege samtalen om skjermbruk i klasserommet plagar Marte Blikstad-Balas aller mest?

– Alt! Eg synest det er ein heilt umogleg samtale ? vere med p?, seier norskprofessoren.

Marte som held innlegg p? konferanse. Foto

– Vi har kanskje f?tt stadfesta enkelte artige fordommar, som at islendingane les meir sagalitteratur enn oss andre, fortel Marte Blikstad-Balas om stoda i dei nordiske klasseromma, som ho har forska p? i fire ?r. Foto: Misha Frame Jemsek/UiO

 

– Med doktorgraden min i 2014 viste eg veldig tydeleg at nokre elevar i vidareg?ande brukar frykteleg mykje tid p? alt anna enn skule: sosiale medium, spel og den type ting. Eg skreiv kronikkar og vitskaplege artiklar om problema med det digitale. Dermed vart eg sett p? som utruleg teknologifiendtleg, fortel ho i dette Tett p?-intervjuet i podkastserien Universitetsplassen.

– Medan i dag trur eg mange synest at eg er ganske overoptimistisk p? vegner av teknologi og digitalisering og alt for oppteken av moglegheitene dei gir, seier ho, – sj?lv om eg meiner akkurat det same no.

Jau, ein blir veldig fort plassert i den s?kalla skjermdebatten her i landet.

– Og det er fordi han er veldig polarisert, spissa og dessverre til tider ganske kunnskapslaus, seier Blikstad-Balas.

– Handlar ikkje om sosiale medium

Polarisert debatt eller ei, professoren i norskdidaktikk er ikkje redd for ? dele tankar om korleis vi kan handtere b?de digitaliseringa og generativ kunstig intelligens.

Ho tvilar p? at dei store digitaliseringsproblema i norsk skulesamanheng handlar om at ungane v?re brukar heile skuledagen p? plattformer som YouTube og TikTok og plasserer heller ein del ansvar for utfordringar i skulen hos l?rarutdannarar, som ho sj?lv ogs? representerer.

Marte Blikstad-Balas. Foto
Kva tenkjer Blikstad-Balas om kontroversane rundt det nye norskfaget? Visste du at ho har dobbelt statsborgarskap? Har ho digital eller fysisk kalender? Kor viktig var skulen for henne i oppveksten? Alt dette og mykje meir f?r du svar p? i episoden. Foto: Monica Bjermeland / UiO

– L?replanen har skyh?ge ambisjonar for kva vi skal l?re elevane digitalt, men i praksis gjer vi noko anna, og det handlar ikkje om sosiale medium, seier ho.

I haust avslutta ho og makker Kirsti Klette QUINT Senter for kvalitet i nordisk undervisning, eit nordisk senter for framifr? forsking, som Blikstad-Balas var nestleiar for i fire ?r.

Funna fr? senteret tyder p? at nordiske elevar f?r god undervisning p? skulen, og at undervisninga er til ? kjenne att p? tvers av dei nordiske landegrensene.

– Men vi har ogs? kanskje f?tt stadfesta enkelte artige fordommar, som at det er h?gare temperatur i diskusjonane hos danskane enn hos svenskane og at islendingane les meir sagalitteratur enn oss andre, seier ho.

Leseoppl?ring i ei digital tid

Blikstad-Balas var berre 35 ?r d? ho disputerte og tok literacy-feltet i Norden med storm. No er ho i gang med ? sj? p? korleis digitaliseringa p?verkar leseoppl?ringa til ungane v?re.

I FRAME-prosjektet (Framing Reading Across Mediums) skal ho unders?kje leseoppl?ringa i norskfaget, og det p? nye m?tar og i ordin?re klasserom.

– Vi skal bruke fleire typar videokamera for ? fange heile klassen og undervisninga som skjer. Og ekstra mikrofonar for ? f? data p? s? mykje lyd som mogleg. I tillegg har vi tenkt ? gjere skjermopptak p? dei digitale einingane elevane brukar, ogs? det med lyd. M?let er ? f? med s? mykje som mogleg av dei digitale aktivitetane og den digitale lesinga, fortel ho.

– I FRAME er vi opptekne av at lesing og leseoppl?ring p? tvers av medium m? studerast der det skjer, ikkje berre i isolerte eksperiment, seier Blikstad-Balas.

Bildet kan inneholde: nyheter, funksjon?r, tv-show, jobb, visningsenhet.
Kvifor g?r vi til lesinga p? s? ulike m?tar, ville Jon Almaas vite d? han snakka med Marte Blikstad-Balas i 2018. Skjermdump fr? Praktisk info med Jon Almaas.

Kva professoren har ? seie om kontroversane rundt det nye norskfaget, sitt doble statsborgarskap, eigne lesevanar og kor viktig skulen var for henne sj?lv i oppveksten, det h?yrer du i episoden. God lytting!

Les og lytt meir

– Vil vi at det skal v?re rom for ? pr?ve og feile i norsk skole?

Spr?k er livsviktig – ferdig snakka

Bli norskl?rar ved UiO!

Slik studerer du norsk p? Lektorprogrammet

Emneord: Podkast, Universitetsplassen, utdanning, Lektorprogrammet Av Monica Bjermeland, Det utdanningsvitskaplege fakultet
Publisert 18. des. 2024 08:04 - Sist endret 18. des. 2024 08:04