Geologilunden

I den delvis skjulte lunden ved Geologibygningen, finn du eit mangfald av plantar.

P? det s?r-austlege hj?rne av Geologibygningen ligg ein liten lund, delvis skjult av ein stor, gammal einer og mispel og krossved. Her finn du ein liten skiferbelagt plass med benkar og ein av dei meir sjener?se plantningane p? Blindern.

Bildet kan inneholde: utebenk, planter, benk, busk, utem?bler.
Bildet kan inneholde: utebenk, planter, utem?bler, benk, busk.

I ytterkantane av plassen er eit bed der bladliljer trivst. Herifr? kan du sj? mot bedet med vierhortensia og storknebb. Hortensiaen har store, kvite blomsterskjermar som dannar ei tett dyne. Plantane kan bli litt tunge i toppen og m? ofte st?ttast litt for ? st? st?dig heile den lange blomstringsperioden fr? juli til seint utp? hausten.

Mot fasaden til Geologibygninga ser du eit bed der det veks lysrosa og sarte haustanemoniar og bl?fiolett storknebb. Ein kraftig rododendron trivst inst i kroken og inn mot inngangen til Geologibygningen. Oppover teglsteinsveggen klatrar ein pipeholurt. Namnet har den f?tt fordi blomane ser ut som sm? krokpiper. Om du tek ein kikk ut mot Blindernveien, kan du f?lgja utviklinga til den unge hengeb?ka som vart planta i 2010.

Bildet kan inneholde: blomst, kronblad, busk, rosa, hage.