T?rteberg

Fr? utsynspunktet p? T?rteberg kan du sj? utover omr?da som no har blitt til blomstereng.

Heilt i s?renden av Blindern ligg T?rteberg, eit ope, gr?nt omr?de i hellande terreng. ?vst st?r ei rekke med Blindernbenkar. Her er eit fredeleg utsynspunkt kor du kan sleppa tankane fri og la blikket vandra utover utsikta. Ein brei gangveg av sm?gatestein g?r forbi plassen og ned mot Suhms gate. Framfor benkane er det laga eit bed med stauder som blomstrar p? forskjellige tider gjennom sesongen.

Bildet kan inneholde: utebenk, m?bler, benk, utem?bler, gatem?bler.
Bildet kan inneholde: blomst, gr?nn, planter, hage, busk.

V?ren startar med l?kblomstring av perleblomst og krokus. Litt seinare kjem tulipanar i raud og rosa sjatteringar, og d? er ogs? kattemynten med sin lange blomstringstid i anmarsj. I juni og juli blomstrar gule dagliljer saman med blodtopp og silkekinagras. Mjuke blad av lamme?yre rammar bedet inn.

Fr? benkane kan du ogs? sj? utover omr?da som tidlegare vart klipt som plen, men som no er utvikla til blomstereng. Det skrinne jordsmonnet og den grunne bakken langs gangvegen har vist seg ? ha eit godt potensial for artsrik eng. Her er mangfaldet av plantar aukande. Dette skapar gode forhold for eit rikt liv av insekt og jordlevande organismar.

Bildet kan inneholde: blomst, gr?nn, planter, gressland, eng.