Urtehagen

Urtehagen representerer b?de formidling og folketradisjon.

Ved nedk?yringa til Kristine Bonnevies hus ligg ein liten oase. Her er det laga ein hage med blomstrande og duftande urter og tre. Hagen stod ferdig i 1994. Det store mangfaldet av plantar blomstrar til alle tider av sesongen og skapar gode forhold for ulike pollinatorar. Fr?a og fruktene til plantane er god mat for fuglar og sm?dyr. Urtehagen grensar mot dei meir ville naturomr?da ved Kristine Bonnevies hus. Dette skapar gode soner for habitat for dyreliv.

Bildet kan inneholde: planter, vegetasjon, busk, hage, plantesamfunn.
Bildet kan inneholde: blomst, gul, nasturtium.

Urtehagen er bygd opp av bed i sirklar, delt opp av gangstiar. I midten er det eit lite springvatn. I ytterkanten av hagen er det mindre stram arkitektur, for her er naturen tatt i bruk for ? laga trinn og etasjar. Plantane er grupperte i temabed og utstyrte med skilt. Det er lagt vekt p? ? ha eit rikt utval av medisinplanter, men ogs? krydderplanter og nyttevekstar er representerte. Hagen skal vera ein stad der dei bes?kande kan finna ro og venleik.

Det er ogs? eit m?l at det store mangfaldet av vekstar kan fungera som ei levande studiesamling for biologi- og farmasistudentar. For at urtehagen skal kunna vera ei slik samling, oppfordrar vi dykk til ? vera varsame n?r de ferdast her.

Bildet kan inneholde: blomst, planter, busk, hage, plantesamfunn.