Du er sj?lv ansvarleg for at dokumenta dine er korrekte. Bruk av falske dokument er omfatta av straffelova § 361 og vil bli meldt til politiet.
Konsekvensar av ? levere eit falskt dokument
Dersom du har levert eit falskt dokument kan dette gi f?lgjande konsekvensar, avhengig av omstenda dokumentet er levert i:
- Du kan miste retten til ? s?kje h?gare utdanning i inntil eitt ?r.
- Du kan bli utestengd fr? UiO i inntil eitt ?r.
- Du kan miste retten til ? avlegge eksamen i inntil eitt ?r ved UiO og alle andre universitet og h?gskular i Noreg.
- Du kan miste studieretten din.
- Eksamenar og studiepoeng som allereie er avlagt kan bli annullert.
Kva er eit falskt dokument?
Eit falskt dokument er eit skriftleg eller digitalt dokument som har vore endra slik at innhaldet ikkje lenger gir eit sannferdig inntrykk.
Eksempel p? falske dokument er mellom anna:
- Vitnem?l eller andre dokument der anerkjende verifiseringsinstitusjonar har vurdert at det er ein sterk mistanke om forfalsking.
- Vitnem?l eller andre dokument som er stadfesta som falske av studenten sin heimeinstitusjon eller av institusjonen som skal ha utforma dokumentet.
- Vitnem?l eller andre dokument som er stadfesta som falske av NOKUT eller andre h?gskular eller universitet.
- Vitnem?l fr? bl?ffuniversitet ("diploma mills").
Prosess ved mistanke om falske dokument
- Varsel om mistanke og dine kommentarar til mistanken
Dersom du blir mistenkt for ? ha nytta falske dokument ved ein s?knad, vil du f? brev med varsel om mistanken. Du kan gi skriftlege kommentarar til varselet, vanlegvis innan tre veker fr? du har motteke brevet. Dersom kommentarane dine ikkje fjernar mistanken, vil saka bli sendt til UiO si klagenemnd og meldt til politiet.
- Behandling av saka i UiO si klagenemnd
Klagenemnda handsamar saken og tek stilling til om det er bevist at du har nytte falske dokument eller ikkje. Dei vil ogs? ta stilling til kva for ein disiplin?r reaksjon du eventuelt skal f?. N?r vedtaket er fatta, f?r du brev med skriftleg orientering om dette.
- Melde saka til politiet og varsling av andre institusjonar
Dersom det er stadfesta eller sterk mistanke om at du har nytta eit falskt dokument, vil saka bli meldt til politiet. Samstundes vil NOKUT og dei andre universiteta og h?gskulane i Noreg bli varsla om at saka er meldt til politiet.
- Klageadgang
Du har rett til ? klage p? vedtak i UiO si klagenemnd. Du vil f? informasjon om klageadgang saman med orienteringa om vedtaket.