DET HUMANISTISKE FAKULTETET
Institutt for kulturstudiar og orientalske språk nynorsk - 1 side
Heimeeksamen i MØNA 4504 Demokratiproblemet i Midtausten – VÅR 2010
tirsdag 25.mai – fredag 28.mai 2010. 3 dagar.
Besvar denne oppgåva:
I introduksjonen til boka The Struggle Over Democracy in the Middle East skriv Nathan Brown og Emad Shahin at “pro-reform actors in the region … cannot do without casting democratic values and practices in terms that resonate with the region’s particular history, culture and socio-political realities” (s.6). Diskuter på denne bakgrunn tilhøvet mellom kulturelle og strukturelle forklaringar på den veike stillinga demokratiet har i Midtausten og Nord-Afrika i dag. Drøft særleg rolla til religionen.
Kort om formatet på besvarelsen:
Besvarelsen skal ikkje vera på meir enn ca. 5 sider (ca 2300 tegn per side, mellomrom ikkje medrekna). Linjeavstand 1,5, skrift 12 punkt (Times New Roman eller liknande) og paginert (marker sidetal). Litteraturliste og forside kjem i tillegg. På forsida skal det stå MØNA4504, kandidatnummer, vår 2010.
Oppgåva leverer du ved å lasta henne opp i rett mappe under innleveringar. Fila du leverer må vera i enten doc-format eller rtf-format. Du kan til dømes IKKJE levera i odt-format (OpenOffice) eller docx-format (Word 2007). I både OpenOffice og Word 2007 kan du lagra i doc- eller rtf-format.
I tillegg til oppgåva må kvar student levera skjemaet ”obligatorisk erklæring vedr. fusk”. Dette skjemaet lastar du ned, fyller det ut og lastar det opp i ei eiga mappe under Innlevering i Fronterrommet. Du treng altså ikkje signera det for hand. Brukarnamnet og passordet du nyttar i Fronter gjeld som elektronisk signatur.
Har du tekniske problem under innleveringa eller blir sjuk, så ta straks kontakt med instituttet.
Nyttig informasjon om Fronter finn du her. http://www.hf.uio.no/ikos/studier/studenttjenester/cf-nettundervisning/
Nyttig informasjon om sitatteknikk finn du her. http://www.hf.uio.no/sitat/
Spørsmål vedr. oppgåveteksten kan rettast til faglærar Bjørn Olav Utvik via epost til b.o.utvik@ikos.uio.no innan tirsdag 25.mai kl. 16.00.