DET HUMANISTISKE FAKULTETET                                                   

Institutt for kulturstudiar og orientalske språk                    nynorsk - 1 side

 

Heimeeksamen i MØNA 4504 Demokratiproblemet i Midtausten – VÅR 2011

 

Utlevering: Måndag 23. mai ca. kl. 12.30 på semestersida

Innlevering: Innan torsdag 26. mai kl. 15 (i Fronter)

 

Besvar denne oppgåva:

 

"Gjer greie for Homa Katouzians teori om vilkårleg styre i Iran. Drøft så i kva grad denne teorien beskriv dekkande situasjonen i Midtøsten og Nord-Afrika  fram til oppstandane i 2011. Diskuter moglege årsaker til den ulike utviklinga i ulike land denne våren."
 

 

Kort om formatet på svaret:

Svaret skal ikkje vera på meir enn ca. 5 sider (ca 2300 teikn per side, mellomrom ikkje medrekna). Linjeavstand 1,5, skrift 12 punkt (Times New Roman eller liknande) og paginert (marker sidetal). Litteraturliste og forside kjem i tillegg. På forsida skal det stå MØNA4504, kandidatnummer, semester og årstal.

Oppgåva leverer du ved å lasta henne opp i rett mappe under ”Innlevering”. Fila du leverer kan gjerne vera i enten doc-format eller rtf-format.

I tillegg til oppgåva må kvar student levera skjemaet ”obligatorisk erklæring vedr. fusk”. Dette skjemaet lastar du ned, fyller det ut og lastar det opp i ei eiga mappe under ”Innlevering” i Fronterrommet. Du treng altså ikkje signera det for hand. Brukarnamnet og passordet du nyttar i Fronter gjeld som elektronisk signatur.

 

Nyttig informasjon om Fronter finn du her. http://www.uio.no/tjenester/it/utdanning/fronter/index.html

Nyttig informasjon om sitatteknikk finn du her. http://www.hf.uio.no/sitat/

 

Har du tekniske problem under innleveringa eller blir sjuk, så ta straks kontakt med instituttet. Anten ekspedisjonen eller studiekonsulent Monica Lund Haugom.

Spørsmål vedr. oppgåveteksten kan rettast til faglærar Bjørn Olav Utvik mellom 13 og 14.30 ved personleg oppmøte eller pr. telefon 22 85 68 08/97 13 32 56.