NOR2120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 2
Skildring av emne
Timeplan, pensum og eksamensdato
Kort om emnet
Emnet omhandlar spr?kleg variasjon langs ulike aksar - b?de geografisk, sosial og stilistisk. Medan dialektologien har hovudfokus p? den geografiske dimensjonen, ser sosiolingvistikken p? spr?kleg variasjon i h?ve til sosiale forhold, og har fokus p? korleis spr?kleg stil er kopla til ulike identitetskategoriar.
Emnet tek f?re seg teoriar og metodar innanfor sosiolingvistikk og dialektologi, inkludert eit faghistorisk oversyn over desse disiplinane, med s?rleg vekt p? norsk faghistorie.
Emnet omfattar framstillingar av sosiolingvistiske og dialektologiske tilh?ve prim?rt i Noreg og Norden, men ogs? i andre delar av verda.
Pensumomfang: 700-1000 sider. Pensum finst p? emnesida for kvart semester.
Kva l?rer du?
Etter fullf?rt emne skal studentane kunne:
- gjere greie for sosiolingvistisk og dialektologisk teori, metode og faghistorie
- analysere lokal, sosial og stilistisk variasjon
- gjere greie for korleis spr?kleg variasjon kan vere uttrykk for ulike identitetstilknytingar
- seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talem?l i dag, og om forholdet mellom dialekt og standard
- seie noko om framveksten av nye dialektar, sosiolektar og (multi)etnolektar
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppn?dd l?ringsutbyttet for emnet.
Opptak til emnet
Studentar m? kvart semester s?kje og f? plass p? undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du s?kje opptak til v?re studieprogram eller s?kje om ? bli enkeltemnestudent.
Tilr?dde forkunnskapar
NOR1109 – Norsk spr?khistorie, dialektl?re og sosiolingvistikk i eit nordisk perspektiv eller tilsvarande.
Overlappande emne
- 10 studiepoeng overlapp med NOR4120 – Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 2.
Undervisning
Undervisninga p? i alt 28 timar vil veksle mellom forelesning og seminar. Ei obligatorisk munnleg oppg?ve skal vere godkjend av fagl?rar f?r studenten kan g? opp til eksamen.
Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.
Dersom du har gjennomf?rt og f?tt godkjent obligatorisk aktivitet, har du ikkje krav p? ny undervisning. Dersom du har f?tt undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomf?rt eller f?tt godkjent obligatorisk aktivitet, har du rett til ny undervisning n?r det er ledig kapasitet.
Eksamen
Eksamen er ein 3-dagars heimeeksamen i slutten av semesteret
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala fr? A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Meir om eksamen ved UiO
- Kjeldebruk og referansar
- Tilrettelegging p? eksamen
- Trekk fr? eksamen
- Sjuk p? eksamen / utsett eksamen
- Begrunnelse og klage
- Ta eksamen p? nytt
- Fusk/fors?k p? fusk
Andre rettleiingar og ressursar finn du p? fellessida om eksamen ved UiO.