Arbeidskrav:
Gruppeoppgåve (case). Detaljert informasjon om oppgåva er lagt ut i Fronterrommet til PED2220 Våren 2011.
Frist for innlevering av arbeidskravet er 23. februar, i Fronter.
Studiekrav:
Individuell eksamensoppgåve. Oppgåva blir utlevert 9. mars.
Frist for innlevering av studiekravet er 5. april innan kl. 14.00.
Studiekravet/oppgåva skal leverast på papir, 2 eksemplar av kvar oppgåve, i opningstida til ekspedisjonen ved PFI; kl. 09:00-11:00 og 12:00-14:00. PFI har ekspedisjon i 5. etg. i Helga Engs hus.
Alternativt kan oppgåvene sendast i posten. Konvolutten må då vere tydeleg poststempla innan fristen, og korrekt adressert: Pedagogisk forskningsinstitutt v/ Synnøve T. Hide, Postboks 1092 Blindern, 0317 Oslo.
Saman med oppgåva skal det leverast obligatorisk erklæring. Kandidaten skal også kvittere på at ein har levert, på eiga liste i ekspedisjonen.
MERK: Eksamensoppgåva skal kun merkast med kandidatnummer (ikkje namn eller studentnummer). Kandidatnummeret blir publisert i StudentWeb seinast ei veke før innleveringsfristen.
Mal for framside på eksamensoppgåver ved PFI vil bli lagt ut på Fronter. Formelle krav til skriftlege oppgåver ved PFI finn du her.