Studentane skal individuelt eller i gruppe arbeide med ei tildelt oppgåve. Oppgåva skal framførast munnleg i seminar. Studentane må vere opponentar på minst ei framføring i tillegg til si eiga.
Siste gruppeframlegg finn stad 11. april. Denne dagen er frist for godkjenning/ikkje godkjenning av arbeidskravet.
Arbeidskravet må vere fullført og godkjent før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.
Studentane vert delt i 8 grupper (tilfeldig) av faglærar. Kvar gruppe skal framføre eitt tema:
1. G. H. Mead - Selvet, identitet og sosialisering.
2. Berger og Luckmanns sosialiseringsteori.
3. A. Hoëms sosialiseringsteori.
4. E. Durkheim - samfunn og utdanning.
5. B. Bernstein - kodeteori og sosialisering.
6. P. Bourdieu - sosial klasse, kapital og sosialisering.
7. A. Giddens - det senmoderne samfunn, sosialisering og refleksivitet.
8. M. Archer - om individets frihet, sosiale strukturer og sosialisering.