Registrer ekstern betaling
Fyll ut og send inn skjemaet innan fristen for at betalinga skal bli registrert av UiO:
Bokm?l: Registrering av betalt semesteravgift til en annen studentsamskipnad
Nynorsk: Registrering av betalt semesteravgift til ein annan studentsamskipnad
Fristar
- Haust: 1. september
- V?r: 1. februar
Om du betaler til SiO ved ein annan institusjon
Studentar som studerer ved UiO og har betalt til SiO ved ein annan institusjon m? registrere seg som ekstern betaler. Fyll ut og send inn skjemaet innan fristen for at betalinga skal bli registrert ved UiO. Under 'Til kva studentsamskipnad har du betalt?' vel 'SiO - ikke UiO-avdeling'. UiO studentar som er registrert med betalt semesteravgift til SiO ved ein annan institusjon kan bruke velferdstilbodet til SiO p? lik linje som studenter som har betalt til SiO ved UiO. Merk at man ikkje f?r gyldig semesterkvittering fr? UiO i studentbevis-appen/semesterkvittering p? papir eller studentkort fr? UiO.
Om du ikkje betaler til SiO
Studentar som ikkje betaler semesteravgifta til SiO f?r ikkje gyldig semesterkvittering fr? UiO i studentbevis-appen/semesterkvittering p? papir eller studentkort fr? UiO.
Kontakt kundeservice i SiO for informasjon om kva velferdstilbud du har tilgjenge p?.
Betale til fleire studiestader
Det er mogleg ? betale semesteravgift til flere studiestader. Du kan bruke velferdstilbodet til SiO dersom du òg betaler semesteravgifta til UiO innan fristen (eller er registrert ved UiO med betalt semesteravgift til SiO ved ein annan institusjon som kan dokumenteres). Betalingsinformasjon for semesteravgifta til UiO finn du i Studentweb.