Ein l?geffektiv bestselgar

Ei bl?, gamal kasse. Min f?rste bil. Kilometerstanden viste vel 308 000 km. Mange bilar er vraka f?r dei n?r ei slik k?yrelengde. Men for ein Toyota Hiace er ikkje trehundre noko h?gt tal.

Desse bilane g?r gjerne godt opp mot ein halv million kilometer p? norske vegar. Om ikkje dette skulle imponere i seg sj?lv, s? opplever mange av bilane ein oppsving som nyttek?yret?y ogs? etter dette. Dei vert skippa til Afrika, kor dei vert innreia med sittebenkar i lasterommet og jekka litt opp ifr? bakken, og g?r sidan like langt som kollektivtransport p? humpete grusvegar.

Hias, heiter den der eg kjem fr?. Lenger s?r p? vestlandet skal den visst lyde p? Hiakk, medan eg fr? Skjeen har sikre kjelder p? at den der g?r under nemninga Skiheis. P? tross av sin vittige vri ligg nok denne siste varianten n?rast den tilsikta uttalen, sidan den speler p? uttalen av ace - det engelske ordet for spader. High Ace.

Og det er mange norske handverkarar og andre varebilseigarar som har sitte med gode kort p? handa etter eit Hiace-kj?p. Den har vore den mest selde varebilen i landet mellom 1974 og 2012. Den f?rste Januar 2012 gjekk den gamle slitaren ut p? dato, d? den ikkje kunne m?te nye utsleppskrav innf?rte av EU. Arvtakaren til Hiace heiter Proace, og er eit 亚博娱乐官网_亚博pt手机客户端登录 mellom Toyota og Peugeot.?

Men alts?, favoritt gjennom 38 ?r! Kva er det som g?ymer seg i kjernen hj? ein slik driftssikker bil?

Ei bl?, gamal dame. Besta mi har k?yrt Toyota s? lenge eg kan hugse. Ein bl? Carina fr? ca 1990. Ho har teke i overkant godt vare p? den. Gjennom alle desse ?ra er det enno ingen som har sett besta ta bilen sin over treie gir. Eg har mellombels lagt merke til noko ved denne bilen som kan vere med p? ? belyse sp?rsm?let ovanfor.

Midt i displaypanelet er to lamper, betydeleg st?rre enn dei andre varsellampene. Den eine er gr?n, og heiter economy. Den andre er oransje. Akselererer ein kraftigare enn kva Toyota-ingeni?rane ein gong har sett p? som ?konomisk k?yring, hopper lyset fr? den gr?ne lampa over til den oransje. I neste augneblink vil mange merke ei lita svikt i h?gre ankelen.

Det st?r ikkje klart for meg om denne refleksreaksjonen som demper akselerasjonen, er ?rsaka av urgamle forsiktigheitsinnstinkt trigga av visse sterke fargar, eller heller eit kollektivt milj?samvit som har utvikla seg gjennom dei to siste generasjonane. Men den vitner utvilsomt om eit sm?genialt grep for ? p?verke bilf?raren.

Ein vert stadig gjort merksam p? k?yrestilen sin, og ofte tar ein seg sj?lv i at det er un?dig ? vere s? hissig p? pedalen. P? oppfordring fr? Toyota-ingeni?rane, sk?ner ein motoren ved ? k?yre p? l?gare effekt, og auker dermed truleg motorens levetid.

Hiacen har ikkje denne lampa. Men den har eit p?fallande l?gt effektuttak, typisk p? 69 hestekrefter per 2,4 liters dieselmotor. Dette gjer visstnok bilen til ein forsiktig bil i utgangspunktet. Eg har ikkje greie p? motorteknikk, men syns dette verkar veldig sj?lvforklarande: motoren er kraftig, men bygd for ? spare p? kruttet. Den g?r jamt og t?ler rikeleg med last, men det er n?rast umogleg ? r?k?yre med den. Sagt med andre ord: kven som helst kan k?yre Hiace som ei bestemor, for han har ikkje anna val.

Av Martin Johan Bengtsson
Publisert 28. okt. 2014 22:52 - Sist endret 24. juni 2015 09:23

Logg inn for ? kommentere

About-image

Denne bloggen

Dette er bloggen til emnet KUN2201/4201 Designkultur: Ti ting. Her skriver studentene om sine selvvalgte gjenstander og hvordan disse kan forst?s i et designkulturelt perspektiv.