T?ysete vri p? skipperskr?na

Boka Mordet p? Lemuel Gulliver av Edgar Bur?s lovar ikkje noko ho ikkje held. Romanen vert nemleg innleidd med eit sitat av Jonathan Swift; ”Blessed is he who expects nothing, for he shall never be disappointed”, eit sitat som senker forventningane til lesaren, samstundes som det tydeleg set den humoristiske tona i boka.   

Bokomslaget viser et ridende skjelett

Bokomslag: Anders Bergersen, Superultraplus. Cappelen Damm

? sitere Swift kjem ikkje ut av det bl?. Boka handlar om ein mann, Edgar, som vil fordjupe seg i historia om Lemuel Gulliver. Han f?r tak dei sokalla Loxley-papira fr? 1700-talet, som i fagmilj?et vert kalla ein pastisj. Dei 300 ?r gamle papira er historia til Gulliver fr? eit anna perspektiv, og legg fram forteljinga og Gulliver som sann.

I notida av forteljinga dreg Edgar til Newark-on-Trent, heimstaden til Gulliver, og sug inn atmosf?ren der. Alts? skriv Edgar om Loxley, som skriv ei alternativ historie om Gulliver; ei metaforteljing vert skapt. Med dette bryt Bur?s ned den historiske barrieren. Boka er alts? bygt p? tre ulike tekstlege niv? fr? ulike tider, noko Bur?s vekslar mellom p? ein elegant m?te. Ikkje berre vekslar Bur?s mellom dei ulike niv?a, men han leiker med dei. Meta-niv?a gir saman med den humoristiske og naive spr?kbruken verket eit postmodernistisk preg.

Gjennomg?ande for boka er leiken mellom fiksjon og r?yndom. Leiken kjem til uttrykk gjennom dei ulike komposisjonsniv?a til boka, der somme deler vert presentert som fiksjon og andre deler som fakta, sj?lv om det til slutt viser seg at alt er oppdikta. Det synar seg ironisk at Swift speler p? Gulliver som ein ekte person, n?r det same skjer parallelt ved at Edgar latar som om Loxley er ekte. Leiken mellom fiksjon og r?yndom kjem òg til uttrykk gjennom forfattaren si bruk av pseudonym.

Det ? skjule seg bak eit pseudonym kan ein dessutan knytte til maskemotivet i boka. Allereie i innleiinga, som st?r fram som s?rs medrivande og underleggjerande, m?ter vi den fyrste hestemaska. Seinare i boka, forkledd som ein hest med maske og hestem?kk smurt utover kroppen, opps?kjer Loxley det som synar seg som ein heilspr? Gulliver. Ein kan lesa maskemotivet metaforisk p? det problematiske forholdet mellom fiksjon og r?yndom: M? r?yndommen verte maskert for at han skal st? fram som forteljing?  

I tillegg til dei ulike niv?a av r?yndom som ein finn i komposisjonen til boka, er det sporadiske ”faktaboksar” som presenterer nokre tema som dukkar opp. Til d?mes er det ei forteljing om hulderfolket (”hylja” er norr?nt og tydar skjule, igjen vert maskemetaforen sentral). Forteljingane er sj?lve erfaringsgrunnlaget v?rt, anten dei kjem til uttrykk gjennom litteratur og kunst, eller i munnleg i form av samtalar. Vi erfarer r?yndommen gjennom forteljingane til medmenneske. Skipperskr?na er ei forteljing som i botn kanskje inneheld ei sanning, men som har vorte bl?st opp til det uattkjennelege. Soleis kan einkvan forteljing kallast ei bitte lita skipperskr?ne. Leiken og det absurde i boka kan ein lesa som ein kommentar til dei r?dande litter?re trendane i dag, kor litteraturen dei seinare ?ra har hatt eit alvorstungt preg.

Boka st?r fram som eit friskt pust blant annan alvorstung litteratur, sj?lv om ho stundom vert litt i overkant fl?sete. Boka er konseptuelt spanande, og gir ei god lesaroppleving som inviterer til humring.

Emneord: bokmelding, Edgar Bur?s, pseudonym, fiksjon, skipperskr?ne Av Ragnhild Akselberg Tonheim
Publisert 8. apr. 2019 13:00 - Sist endret 26. apr. 2019 21:07
Legg til kommentar

Logg inn for ? kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for ? kommentere

Om bloggen

En blogg om, av og for litteraturens mellommenn og -kvinner.